Mange kommunar har laga lokale forskrifter som avgrensar både bruk og kor høg fart du kan halde. I tillegg finst det reglar som forbyr eller avgrensar bruk av vasscooter i heile eller delar av verneområde, minner Miljødirektoratet om på nettsida si.

– Vasscooterar er bygde slik at dei kan halde relativt høg fart i grunne farvatn, noko som gir støy i område som er spesielt viktige for mange sårbare fugleartar, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn (SNO)

Han seier den høge farten gjer at scooterane kan vere farlege for dei som badar, ror eller segler. Saman med politiet kontrollerer folk i SNO at reglene blir følgde. Dei kjem til å vere til stades i aktuelle vassdrag og verneområde i tida framover, og brot på loven blir meldt til politiet.

Kommunar kan bestemme lokale reguleringar som avgrensar både bruk og fart i sjøområde, elver og innsjøar. Presterud ber folk sjekke dei lokale reglane før dei startar opp vasscooteren.

(©NPK)

Bildetekst tbc5f896:

Det er ikkje lov å køyre vasscooterar alle stader. Statens naturoppsyn ber difor folk sjekke lokale reglar før dei tek turen på sjøen. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK