Ein bil køyrde i fjellveggen ved riksveg 15 ved Svarstad vest for Stryn i 11.30-tida søndag.

- Dei to personane i bilen kom seg ut, og var uskadde etter smellen. Politiet har vore på staden, og det vil ikkje bli oppretta straffesak, opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt i Bergen til Fjordingen.

Naudetatane var på plass etter uhellet, og bilberging har no funne stad.