Det kan ofte vere vanskeleg å skilje seg med ein gamal stol eller eit bord som har vore mykje brukt i slekta gjennom generasjonar. Men det det finst håp. Når tidens tann har kravd sitt står Utvik tre klar til å gje ei hjelpande hand.

-Vi seier ja til det meste, seier veteranen i verksemda, Johan Berge og viser fram dører til to hus som er under restaurering. Dei skal sjå ut slik dei gjorde i farne tider. Eit anna oppdrag under arbeid er utskjæringane på eit eldre hus frå Tistam.

Ei løysing på alt

«Målsaum» i heil tre er merkevara til Utvik Tre. Ei lita verksemd som såg dagens lys i 2012, etter at dørefabrikken Dooria vart historie.

-Vi gjer det som andre ikkje får til. Av og til er det nesten som eg angrar på at vi har sagt ja, men vi har løyst det meste, kjem det lunt frå Berge.

Johan kom til Moelven som det heitte den gongen, vel 16 år gammal. Det var sommaren  for 42 år sidan. Han har vore med på alle oppturane og nedturane til fabrikklokala stod tome.  Då det vart  kroken på døra for Dooria  valde han å satse vidare saman med Kjell Arne Berstad og Veronika Beitmyren.

Dei brukar gamle Dooriamaskinene og litt nye, men det meste er handarbeid.

Mellom arbeida finn vi   langbord i eik til Longvasshytta som Indre Turlag har i Jølster. Johan fekk ein fjelltur på fleire timar for å ta mål av bordet.  Bordet skulle nemleg gå over to rom med hol for ein stolpe, og alt passa på millimeteren.

Pussa opp Gjendebu

-Gjendebu var eit artig oppdrag. Vi slipte ned lakka golv, fjerna golvbelegg, olja opp igjen og la nytt tak inne, fortel dei.

Kundegruppa er i all hovudsak  indre Nordfjord. Dei lagar det folk vil ha anten det er nytt eller vøling av gammalt. Ting som ikkje er butikkvare.  Vi brukar berre heiltre, aldri sponplater.  Folk får det  dei vil ha.

Når folk skal bygge nytt eller restaurere dukkar det opp spesielle ynskje.  Utvik Tre reiser ut til kundane med målband i lommen for å finne gode, praktiske løysingar.

Det har vore fleire store oppdrag, men det viktigaste er dei mange små. Og dei har fullt opp å gjere.

Gammalt blir nytt: Dette er utskjæringar frå eit gamalt hus på Tistam. Helt opprotna, men Utvik Tre kunne lage nytt, fortel Johan Berge og Veronica Beitmyren.
Klestativ: Det er inga snøstjerne, men eit klestativ om kunden hadde teikna av frå eit vekeblad.