Brannvesenet i Stryn rykte måndag ettermiddag ut til brann i eit bratt område med gras og kratt, like ved badestranda ved Staveneset. Dei fekk melding i 16.30-tida, og brannen vart sløkt etter kort tid.

- Det var ein eingongsgrill midt i brannen, men det er ikkje godt å vite om det er brannårsaka. Det er så tørt no at det er nok å kaste frå seg ein sneip. Brannen er no sløkt. Vi har kontoll, og driv ettersløkking på staden, sa brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg i 17-tida.

Det er for tida stor fare for grasbrann på heile Vestlandet, etter ein lang periode utan nedbør. Brannsjefen minner folk om det ordinære forbodet mot bruk av open eld i utmark, som gjeld frå midten av april til midten av september.

- Det er ikkje lov å brenne bål eller anna bruk av open eld i utmarka no, seier Vinsrygg.

- Vi oppfordrar folk om å vere forsiktige, og sjå etter om eingongsgrillar er skikkeleg sløkt etter bruk, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl.

Det er for tida stor fare for grasbrann på heile Vestlandet, og brannsjefen minner om forbodet mot bruk av open eld i utmark.
Roy Veamyhr sørgjer for ettersløkking av brannområdet.