Fylkeskommunen har fått tildelt 100.000 kroner frå Kartverket til å kartleggje tilgjengelegheit og universell utforming av sentrumsnære turvegar i Stryn, Hornindal og ni andre kommunar i fylket.

Kommunane det skal kartleggjast i er Balestrand, Eid, Flora, Gaular, Gulen, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Stryn og Årdal. Kartlegginga vil sjå på no-tilstanden på sentrumsnære turvegar, og finne potensial for å gjere vegane betre og meir tilgjengelege, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

I 2013 vart det gjennomført ei tilsvarande kartlegging i dei 15 andre kommunane i fylket. Når kartlegginga i dei 11 siste kommunane er gjennomført, vil ein dermed ha eit heilskapleg bilde av tilgjenget på sentrumsnære turvegar i heile fylket.

– Målet med ei slik kartlegging er å setje fokus på utvikling av sentrumsnære turvegar som alle kan nytte seg av. Dette vil kunne bidra til at fleire kjem seg ut og i aktivitet, seier Frank Tore Farsund Tveit i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen gjennomfører kartlegginga i august/september, i samråd med kommunane. Ein rapport om kartlegginga vil vere klar i oktober.