Odd Egil Vanberg og Stig Melheim har arbeidt med måling, tepper, fli s, tepper og himling i meir enn 20 år. Dei har arbeidt kvar for seg, men aldri vore  skikkeleg konkurrentar.

-Vi har hatt godt samarbeid og frå no av blir det eitt firma der vi spesialiserer oss på golvarbeid, fortel dei to som akkurat har eit oppdrag med teppelegging på Stryn Hotel samstundes som dei skal avslutte arbeidet i det 13 leilegheitene som er under oppføring i Flogården i Stryn sentrum.

Dei vaks opp som naboar i Olden, men Stig har overteke mora sin slektsgard i Kalvåg. Det er grunnen til at det blir to firmaadresser.

-Vi har valt å konsentrere oss om eitt område innan for faget, nemleg golvarbeid. Det gjeld avretting, belegg, teppe og flis alt etter kva kunden ynskjer, og vi ser føre oss både industri og private bustadar som kundeområde, seier dei.

Nyleg avslutta dei flislegging av eit golv på 720 kvm i eit  butikkbygg i Hovdebygda,  og dei har hatt oppdrag på Voss.

-Etter kvart som vi får fotfeste og kanskje også fleire tilsette ser vi både Sogn og Fjordane og nabofylka som arbeidsområde, men Nordfjord blir hovudbasen, seier dei to.

Det er industrien som kan opne for dei store jobbane, men bustadhus er også aktuelt.

-Det er aukande interesse for å pusse opp eldre hus. Avretting av gamle golv er ein krevjande jobb. Vi tek på oss heile hus med laminat, teppe og belegg alt etter kva eigaren ynskjer. Vi ser også at det er meir interesse for å slipe ned og setje i stand gamle tregolv. Det er eit omfattande arbeid.

-Men kvifor berre golv ?

-Det er det vi likar best å arbeide med. Ingen ting er umuleg. Detsom er  vanskeleg tek berre litt lenger tid. Folk set krav til kvalitet, smiler dei to karane.

Dei er også leverandørar av det som skal til om kunden ynskjer det, men førebels er det ikkje planar om butikk  og eigne utstillingslokaler.

At dei no blir to og går inn i eit samarbeid ser dei som ein klar fordel. Tunge tepperullar er ikkje lette å hanskast med, og går det bra kan dei bli endå fleire som deler på dei tunge løfta.

Avretting: Her er dei i ferd med avretting av golvet før dei legg teppe.