Fem kommunar i Nordfjord står bak eit omsorgsprosjekt som vekkjer merksemd langt ut over fylkesgrensa.

Stryn, Hornindal, Eid, Selje og Vågsøy har saman jobba med prosjektet ”NORPAL” som inneber kvalitetsheving for tenestetilbod når det gjeld palliativ omsorg for pasientar og deira pårørande. Palliativ pleie betyr god pleie og gode tenester for menneske med alvorleg sjukdom, menneske i sluttfasen av livet og demente.

Omsorg er meir enn behandling. Helse- og sosialsjef i Stryn, Heidi Vederhus, seier NORPAL gjev fagleg tyngde for god omsorg til pasientar og pårørande.

– Omsorg gjeld også vaksne og born som pårørande, seier Vederhus, svært nøgd med å vere i tet innan omsorg for alvorleg sjuke og døyande. Ho meiner kommunane kan vere stolte av å vere i framkant med kvalitetsheving på dette området. Stryn har fire ressurssjukepleiarar som har spesial kompetanse for menneske i sårbare situasjonar. Det kan òg vere aktuelt med religiøs støtte.

– Pasienten kan ha behov for ein åndeleg samtale, uansett kva for religion ein høyrer til. Dei skal bestemme over eige liv og samtykke til helsehjelp. I somme tilfelle er det pårørande som må ta avgjerd, seier Vederhus.

– Vi er heldige som har mykje kompetanse i kommunen, seier Grethe Hilde, områdeleiar ved Vikane omsorgssenter med adresse til god opplæring for helsepersonell på alle nivå.

– Når alle veit kva som gjeld, vert det eit godt samarbeid tverrfagleg. Når sluttfasen er planlagd slik pasienten har bestemt, vert situasjonen lettare, og tryggare, seier Hilde.

Både Vikane omsorgssenter og Stryn omsorgssenter har «Lindrande rom» som er godt utstyrt og tilrettelagde for at opphaldet kan gje ro for både pårørande og pasient.

– Gode rutinar lettar situasjonen, konkluderer ressurssjukepleiar Liv Frøysedal ved Stryn omsorgssenter. Ho seier opne samtaler og informasjonsdeling gjer det lettare for pårørande å akseptere at livforlengande behandling kan forverre situasjonen for pasienten.

– Når vi ser at slutten nærmar seg er det best å lindre smerte og gje ro, meiner Frøysedal som har tilleggsutdanning innan lindrande omsorg og pleie.

Einingsleiar for omsorg i Hornindal, Ragnhild Aarflot Kalland, meiner prosjektet NORPAL har skapt viktige verktøy for tilsette i møte med menneske i ei svært sårbar tid.

– Dette gjev god kompetanse for tilsette som skal gje lindrande behandling i sluttfasen ved å ta vekk smerter og trygge pasientane, seier ho. NORPAL har sett fokus på ein god dialog mellom den einskilde pasienten, pårørande, sjukepleiar, kommunelege, spesialhelse- tenesta og eventuelt andre i hjelpeapparatet.

– Det å skape tryggleik er viktig for at den vanskelege tida i sluttfasen av livet, seier Kalland.

Irene Lødemel er ressurs-sjukepleiar ved Hornindal omsorgssenter. Ho rosar kompetansehevinga med NORPAL. og permen med rutinar og prosedyrar som ho meiner er eit viktig verktøy for pleiarane.

– Eg synest det er viktig å snakke med pasientane om kva dei ynskjer og kva dei synest er vanskeleg. Det er viktig å lufte tankar og la pasienten få snakke om praktiske ting dei spekulerer på, seier Lødemel. Ho framhevar at det viktigaste er å vere til stades og skape tryggleik for pasienten og dei rundt.

– Somme planlegg å døy heime, men dette kan endre seg om akutte ting skjer. Menneske får ein verdig død også på sjukehus, seier Lødemel som legg vekt på å ta dei vanskelege samtalene før pasientane vert for dårlege til å ta eigne val.

Ressurssjukepleiar Irene Lødemel (t.v.) og einingsleiar for omsorg i Hornindal, Ragnhild Aarflot Kalland meiner begge at NORPAL-prosjektet har gjeve gode rutinar for pleie i sluttfasen av livet. Foto: Anne-Mari Aalberg
Då vi besøkte Stryn omsorgssenter brukte dei det lindrande rommet til avlasting for Olaug Hellevang (sitjande). Ressurssjukepleiar Liv Frøysedal seier dei er glad for dette rommet. Foto: Anne-Mari Aalberg