Opplæringslova og privatskulelova seier at skuleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg tilstandsrapport om opplæringa. Rapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Formannskapet og kommunestyret tok rapporten til vitande, men Sonja Øvre-Flo gav uttrykk for at det er klare forbetringpotensiale blant skulane i Stryn. Spesielt i forhold til mobbing.

– Vi kan ikkje akseptere mobbing og må vi ha endå sterkare fokus på dette. Mobbekulturen må vi få bukt med og det er mykje på nettet dette går føre seg, sa Øvre-Flo (H).

Klemet Bø (KrF) poengterte at skulen ikkje nødvendigvis er årsaka til ein mobbekultur.

– Men det er vel helst i skulen ein plukkar opp dette, sa Bø.