Vikane Røde Kors Hjelpekorps vil investere i ein beredskapshengar og har søkt Stryn kommune om tilskot på kr 70.000. Skaphengaren skal innreiast med redningsutstyr og førstehjelpsmateriell for utrykking til søk og redningsaksjonar.

– Røde Kors-organisasjonane i Stryn kommune har ein viktig beredskapsmessig funksjon i Stryn kommunen, sa rådmannen som tilrådde eit tilskot på kr 40.000 til kjøp av beredskapshengar, dekt gjennom fritt disposisjonsfond.

Både formannskapet og kommunestyret vedtok tilskotet samrøystes.

Vikane Røde Kors har 130 medlemar og Hjelpekorpset har 16 aktive medlemar.