Det går fram av Innovasjon Norges Turistbarometer. 160 representantar frå internasjonalt og norsk reiseliv deltok i granskinga, som ser på forventa trafikk til og i Norge i sommarmånadane.

58 prosent meiner at sommaren blir mykje betre eller betre enn 2017, medan 33 prosent trur den blir nokså lik som i fjor. Berre 10 prosent trur på nedgang.

Tyskland og USA

Dersom forventningane slår til blir det femte sommaren på rad med vekst frå utlandet. Optimismen rår i dei fleste marknadene, og særleg i volummarknader som Tyskland, Sverige og Nederland.

– Tyskarar stod for 22 prosent av gjestedøgna i sommarmånadene 2017. Når vi veit at dei blir i Norge over lang tid, og samla legg att store summar så er det veldig viktig, seier Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge.

Det er også venta vekst frå oversjøiske marknader, særleg frå USA. Så mykje som 77 prosent ventar vekst frå landet som på få år har vakse til ein av Norges største marknader.

Synleg og trygg

Folk frå heile verda reiser meir enn nokon gong, og vedvarande svak norsk krone i tillegg til inntrykket av at Norge er ein trygg destinasjon bidrar til at besøkjande set nasen hitover.

– Men for å bli valt må Norge vere synleg internasjonalt. Det er heilt avgjerande for å sikre vekst. Vi skal byggje på det som er bra, men leggje til nye opplevingar og årstider, seier Holm.

Næringa viser både vilje til og ønske om at dei besøkjande skal bruke større delar av Norge, til alle årstider.

(©NPK)