Fjordingen for 10 år sidan:

Loen har ein spelarstall på 32 mann i 6. divisjon. Meir enn dobbel så mange som divisjonskollega Skavøypoll 2 som tysdag ikkje kunne stille mannskap til kampen i Loen. – Vi fekk beskjed om forfall ved lunsjtider tysdag om at gjestene ikkje kom. Det var litt seint, men vi gjekk for omkamp istaden for å ta alle poenga. Vi må ha flest mogeleg kampar, seier Loen-trenar Jan Erik Sandbakk.

Skavøypoll 2 sitt forfall tysdag betyr ny kamp den 24. juni. – Vi hadde ikkje vore tente verken med bøtelegging av Skavøypoll 2 eller ein knepen trepoengar. Vi vil vinne mest mogeleg og spele mest mogeleg, seier Sandbakk om laget sitt comeback i divisjonssystemet. Sjølv er Sandbakk ennå ikkje klar for Loen. Han er formelt honndalsspelar, men har vore plaga med kne- og lyskeskade. I stadenfor kamp fekk 15 loarar ei solid treningsøkt i Lovik. Dei stod på i trygg forvissing om at dobbelt så mange er ute etter plassen i førsteellevaren.