Medan nokre av oss kanskje nyttar finvêret til ein tur eller to i dei lokale fjella, er der ein som har ambisjon om å klatre til topps på verdas femte høgste fjell i morgon. Fjellet Makalu ligg på grensa mellom Tibet og Nepal i Himalaya, og ruvar 8.463 m.o.h.

Det er Wojtek Flaczyński som melder Fjordingen om dette. Sidan 16. april har han vore på tur saman med sin spreke far Lech, som snart fyller 70 år. Flaczyński er frå Polen men har budd i Stryn fleire år, og Fjordingen har også tidlegare fortalt om fleire av hans dramatiske ekspedisjonar i Himalaya.

Uheldig eventyrar

- Vi kom i dag frå Camp 2, 6.619 m.o.h. til Camp 3 7.474 m.o.h. påMakalu La, fortel meldinga som tikka inn til oss tysdag kveld. Onsdag går turen vidare til Camp 4, som ligg ytterlegare hundre høgdemeter lenger opp. Der er planen å slappe av og prøve å sove litt før siste etappe.

- Kl. 21 startar vi med hovudlykti retning toppen. Dersom vi er heldige klarer vi kanskje å nå toppenca. kl. 12, torsdag, fortel Flaczyński.

Også for to år sidan prøvde far og son å ta seg til toppen, men måtte snu ved 7.900 m.o.h. No kryssar dei fingrane for å lukkast denne gongen. Men mykje skal klaffe i morgon, fredag er det dårlege vêrmeldingar.

- 25. mai er det meldt dårleg vêr med snø og sterk vind så det er vår siste ogeinaste sjanse, skriv Wojtek Flaczyńskii meldinga frå fjella i Nepal.