– Det er den klare oppfatninga eg har blant dei tilsette. Etter det som vert sagt så fryktar vi ikkje for arbeidsplassane våre. Det er spennande tider for oss i Ekornes, seier Ingvald Løvlid til Fjordingen.

Har dei tilsette ved avdelinga på Grodås grunn til å frykte for arbeidsplassane sine dei neste fem åra?

– Ingen kan gje garantiar, men Qumei er tydelege på at dei vil satse her. Fabrikken på Grodås er konkurransedyktig. Ei mønsterbedrift som har jobba mykje med effektivisering og det er også med å trygge arbeidsplassane her på Grodås, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes til Fjordingen.

Qumei har eit minimumskrav på 55,57 prosent av aksjane for at det skal bli ein avtale, men ifølge styreleiar ved Ekornes, Nora F. Larssen, vil Qumei helst kjøpe 100 prosent av selskapet. I så fall vil Ekornes bli teke av børsen.

Vil bli Ny eigar Qumei, med styreleiar Ruihai Zhao, ønskjer å kjøpe minst 55,57 prosent av aksjane i Ekornes. Zhao er sjølv møbelprodusent og forhandlar med meir enn 850 forretningar. Foto: Roger Oldeide

– Men det vil ikkje få konsekvensar for produksjonen eller dei tilsette i selskapet. Ekornes vil fortsetje som eit sjølvstendig selskap uavhengig av om Qumei kjøper 100 prosent av selskapet, seier Larssen til Sunnmørsposten.