Prikkbelastning for regelbrot i trafikken eller tap av førarkort er ikkje det verste med altfor høg fart i trafikken. UP-sjefen Terje Oksnes seier høg fart ofte er årsak til dei mest alvorlege ulukkene der også uskuldige vert skadde eller drepne.

For låg fart kan også skape risiko. Regionlensmann Tormod Hvattum seier at folk gjerne må køyre så sakte dei vil, berre dei tenkjer på andre trafikantar.

– Ein har tre speglar i bilen, seier Hvattum og poengterer at ved å køyre saktare enn fartsgrensa, må ein køyre ut av vegen for å sleppe fram andre.

Prikkar

Politiet i Nordfjord har som mål å kontrollere 5.000 køyretøy årleg. I tillegg kjem 6.000 kontrollar gjort av UP.

– Det hjelper med kontrollar. Det er førebyggjande, seier regionlensmann Tormod Hvattum. Ulike «mindre» regelbrot gjev ulik prikkbelastning knytt til førarkort. I 60-sone får ein to prikkar om ein overstig grensa med 11–15 km/t, og tre prikkar om overskridinga er f.o.m. 16 km/t og opp til grensa med førarkorttap og anmelding. Ein får òg prikkbelastning ved ulovleg forbikøyring, brot på vikeplikt, køyring på sperreområde eller over sperrelinje, trimma moped eller motorsykkel eller manglande sikring av passasjer under 15 år. Prikkar slettast etter tre år utan nye regelbrot.

Får ein åtte prikkar i løpet av tre år, mistar ein førarretten i seks månader frå forholdet er gyldig.

Positiv

UP-sjef Terje Oksnes seier det ikkje er prikk-register, men at det er ein del. Likevel meiner han at folk i Sogn og Fjordane er av dei mest lovlydige i trafikken. Sjølvsagt kan det kome av mindre trafikk, men Oksnes vel å sjå positivt på trenden i fylket vårt.

– Når vi har kontrollar tek det lenger tid å stanse ein fartsoverskridar enn elles, seier Oksnes. Men UP har ikkje berre fokus på fartssyndarar. I somme kontrollar går det til dømes på sjekking av dokument som vognkort og førarkort, promille, mobilbruk og bilbelte. Vi har også sett vaksne godt sikra medan born er usikra, seier Oksnes.

Kontrollane vert ikkje færre no utover sommaren, og ein eigen Nordfjordpatrulje vil vere til stades over heile regionen.