– Vi har prognosar for ti dagar fram i tid, men det blir veldig usikkert utover i perioden. Innanfor perioden ser vi ingen teikn til regn. Tendensen er at det varme opphaldsvêret i Sør-Noreg held seg, seier statsmeteorolog Ida Fossli.

Det ligg eit massivt høgtrykk over Sør-Skandinavia. I sør er det fint vêr, og nord for høgtrykket kjem regnbyene og eit kjøligare vêr.

– Det er ikkje så mykje vêr i Sør-Norge, men det blir ganske varmt framover, seier statsmeteorologen.

Laurdag, søndag og kanskje måndag kan det blir 30 grader fleire stader på Austlandet og delar av Vestlandet.

Mot mai-rekord

Om mai månad i år har vore rekordvarm, får vi vite ved månadsskiftet i neste veke.

Meteorologisk institutt minner om at det er stor gras-, lyng- og skogbrannfare. Varselet gjeld for heile Sør-Norge.

– Dette varer ved til det kjem vesentleg med nedbør. Og sånn som prognosane er no den nærmaste veka, så gjer det ikkje det, seier Ida Fossli.

Regn kvar dag

Høgtrykket har delt landet. Nord for den sørlege delen av Nordland blir det regn kvar einaste dag neste veke.

Troms og Finnmark kjem dårlegast ut. Der blir det jamt og trutt påfyll av regnbyer og temperaturar på mellom 5 og 10 til 12 grader. Alle dagane i veka som kjem, får litt regn.

I tillegg blir det pålandsvind mellom sørvestleg og nordvestleg retning. Vinden kan komme opp i kuling på kysten.

(©NPK)