Fylkesdirektøren for kultur og næring tilrår at Stryn kommune får 7.725.000 kroner i statlege breibandmidlar. Endeleg vedtak blir fatta i Hovudutval for næring og kultur 30. mai.

Det er ny ordning av året at det er fylkeskommunen som prioriterer kven som skal tildelast midlar. Søknadane har vore gjennom ei svært grundig evaluering og er gitt ein poengsum ut frå eit sett evalueringskriterier. Stryn er ein av sju prioriterte kommunar og endeleg godkjenning skal skje hosNkom. Det er ein rein formalkontroll.

- Dette er svært gledeleg men vi får vente på endeleg vedtak i hovudutvalet, seier økonomi- og IKT-sjef i kommunen, Jonny Hove.

Det er totalt 20.843.000 kroner som blir fordelt, av desse er ca 3,6mill. fylkeskommunale breibandmidlar. I tillegg bidregFylkeskommunen med delfinansiering av breibandutbygging i Førde,Solund og Selje.

Midlane i Stryn skal gå til fullføring av breibandtil abonnentar på strekninga Sunde i Olden og til Tistam.I tillegg vil abonnentar som bur i området Vikalida barnehage og til Grønevik nyte godt av midlane.