– Vi som jobbar i kyrkja møter av og til menneske som ønskjer dåp for seg sjølv eller borna sine, men som av ulike grunnar ikkje har fått gjennomført det. No tilbyr vi drop-in-dåp i Loen kyrkje for alle som ønskjer det, både bygdefolk og andre, seier sokneprest Henny Koppen.

Folk i alle aldrar kjem

Drop in-arrangement betyr at du rett og slett stiller opp på dagen, at du «droppar innom» arrangementet, utan at du skal måtte gjere nærare avtale på førehand.

Drop in-dåp er prøvd ut i fleire kyrkjelydar i Norge dei siste åra, og det viser seg at det kjem folk i alle aldrar for å bli døypte, fortel Koppen.

– Nokre kjem med babyane sine, andre med større born. Også vaksne og eldre menneske har kome for å ta imot dåp, fortel soknepresten.

Gjere det enklare

I fjor tilbaud kyrkja drop in-vigsle. Eitt av brurepara som nytta seg av tilbodet sa til Fjordingen at det var midt i blinken for dei ettersom dei ønskte å gifte seg, men kvidde seg på alt «styret» som følgjer med eit bryllaup.

– Når vi no tilbyr drop in-dåp er det også for å møte behovet hos dei som ikkje ønskjer å arrangere den store festen, eller dei som ikkje vil ha så mykje blest om dåpen sin. Kyrkjelydane her i indre Nordfjord vil gjere det enklare å bli døypte, seier Koppen.

Kan kome åleine

– Det betyr at det skal vere enklare å bli døypt, anten du er ung eller gammal. Ein kan kome som ein er, utan avtale og utan anna førebuing enn at ein har bestemt seg for dåp. Du kan ta med familie eller andre, dei du ønskjer, og du er også hjarteleg velkomen om du kjem åleine, forklarer soknepresten.

– Kva med fadrar?

– Alle som blir døypte må ha to fadrar som kan støtte den døypte på vegen. Viss fadrane ikkje kan delta, kan to vitne bekrefte dåpen.

Kyrkja kan faktisk stille med vitne, og fadrar, viss du ikkje har det sjølv.

Har dåpskjolar

Kyrkja har dåpskjolar og kapper i ulike storleikar for dei som ønskjer det.

– Men den som blir døypt treng ikkje dåpskjole eller spesielle klede, det går godt an å bli døypt i vanlege klede også, seier Henny Koppen.

Dei som kjem for å få drop in-dåp må ha med seg personnummer, slik at dei kan bli registrerte.

Inga aldersgrense

Det er inga aldersgrense når det gjeld drop in-dåp.

– Nei, det er ikkje aldersgrense. Alle er velkomne til dåp, anten dei er baby, born, ungdom eller vaksne, seier soknepresten.

Også for tilreisande

Denne første drop in-dåpen i indre Nordfjord finn stad i Loen kyrkje. Men alle som ønskjer det kan kome til dåp, understrekar sokneprest Henny Koppen.

– Kven som helst kan kome til drop-in dåp i Loen kyrkje, uavhengig av kvar dei bur. Dette er ope for både bygdefolk og tilreisande.