Oppstryn og spelande trenar Tarald Harstad kan sjå langt etter lokaloppgjera i fotball denne sesongen. Laget er ein einsam svale som framleis held det gåande i lokalfotballen (11’ar fotball), om ein ser vekk ifrå Stryn sine seniorlag.

Før årets sesong vart det klart at verken Loen/Vikane eller Hornindal kunne stille lag i den lokale 6. divisjonen. Dermed vart det også eit foreløpig farvel til lokaloppgjera i den inste delen av Nordfjord.

Guddal-brørne sentrale

– Det er veldig synd at vi ikkje får spele desse lokaloppgjera i år. Lokaloppgjera er jo dei kjekkaste kampane, og er dei kampane med litt ekstra publikum til stades. Det er vel særskilt i distrikta det ser ut til at det vert vanskelegare og vanskelegare å stille lag.

Ein av grunnane kan nok vere at det er mange som flyttar vekk på skule, og gjerne ikkje kjem heim igjen til heimbygda etterpå. I Oppstryn har vi hatt kontinuitetsbærarar, særskilt i Guddal-brørne, og utan dei tvilar eg på at vi hadde hatt lag, seier Harstad.

Hornindal sitt damelag spelte i 1. divisjon i 1996 og gjorde sine saker særs bra. Serieopninga mot Nymark vart vunne 3–0. faksimile, fjordingen

Hornindal stiller lag i 2019?

Det var ei totalvurdering som gjorde at Hornindal valde å trekke laget sitt i 6. divisjon før årets sesong.

– Til slutt landa vi på at både spelarane og klubben er meir tente med å ta eit «pauseår» frå senior 11’ar, og heller satse på å byggje eit godt gutelag. Vi har små kull etter kvart i Hornindal, og har samla fleire årsklasser i lag for å prøve å gje dei eit godt tilbod, og forhåpentlegvis danne ei fin gruppe som kan utgjere seniorlaget i bygda i framtida.

Det var rett og slett behov for å starte heilt på «scratch» no, ein har køyrt litt på halv maskin dei siste åra. Målet er å vere tilbake i 2019-sesongen. Vi har meldt på lag i 7’ar senior for å gje dei som no manglar tilbod, pluss å halde i gang gamle travarar, seier Tom-Øyvind Solheim.

2009 Loen sitt damelag i 3. divisjon i 2009. Over tjue spelarar var i stallen dette året. I dag er det berre Stryn som stiller seniorlag for damer.

–Kva trur du er grunnen til at det blir færre og færre som kan stille lag i divisjonssystemet?

– Årsakene til at ein slit er nok fleire, og ein ser jo tendensane stort sett i alle bygdene i heile Nordfjord. Hovudårsakene meiner eg er at det blir mindre og mindre barnekull. Samtidig så er det ofte færre i kvart kull som spelar fotball i dag, enn berre for nokre få år sidan.

Det har nok med fleire ting å gjere. Ein har jo mange ulike aktivitetstilbod som konkurrerer om barna/ungdommen, og så gir folk seg tidlegare med fotball. Der ein før kanskje heldt på til ein var 35–36 år, gir ein seg no i 25–26 årsalderen, det er klart at slike ting påverkar. I tillegg reiser naturleg nok mange vekk på skule etter vidaregåande, og dermed blir det då eit naturleg skilje der ein anten finn ein ny klubb på studiestaden eller sluttar med fotballen, seier Solheim.

Tettare samarbeid er nøkkelen

Loen/Olden 1981: Framme f.v.: Arve Skrede, Atle Rake, Kjell Per Rake, Bjarne Strand, Karsten Sæten og Reidar Hagen. Bak f.v.: Jon Asle Sande, Brynjulf Solheim, Tor Sætren, Paul Skrede, Dag Rune Aaland, Magnar Sæten og Geir Flåten.

– Eg trur nok vi er heilt avhengige av å danne eit tettare samarbeid med klubbane rundt oss i framtida for å få til gode tilbod for alle, uansett om ein ønskjer å satse eller berre ønskjer å vere med for å ha det kjekt. Om bygdene ikkje lenger klarer å stille lag vil det vere eit tap for alle, men det er det som skjer akkurat no. Så ein slik diskusjon trur eg vi må ønskje velkommen, seier Solheim.

For tynt spelargrunnlag i Loen og Vikane

Også i Loen måtte dei kaste inn handkledet før sesongstart.

– Spelargrunnlaget for å melde på lag er ikkje til stades berre i Loen og Olden. I Vikane kom dei fram til same konklusjon, seier Jan-Erik Sandbakk, mange-årig eldsjel i Loenfotballen. Det er ikkje lenge sidan situasjonen var ein heilt annan i bygda inst i Nordfjorden.

– For nokre år tilbake hadde vi lag i alle aldersklassar, inklusiv på seniornivå (dame og herre). I år er det glissent i Loen også på aldersbestemt, men veldig bra på jentesida, noko som er positivt.

– Både Loen og Hornindal har nye kunstgrasbaner?

miljøklubb: Tonningskameratane frå Stryn vart skipa i 1990, og klubben heldt det gåande i fem-seks sesongar. Bildet er frå 1995, og då var ambisjonen KM-tittel i 7. div. faksimile, fjordingen

– Banene er for aktivitet, om det er senior er mindre viktig i mine auge. Men det har nok blitt ei sentralisering mot Stryn dei siste åra. Det kan fort bli litt av dette på aldersbestemt nivå også, men då litt avhengig av storleiken på barnekulla. Vil dei beste til Stryn blir det fort til at tilbodet i distrikta raknar automatisk, meiner Sandbakk.

– Korleis er utsiktene for å få på beina seniorlag i Loen?

– Eg både håpar og trur vi får lag. Men det må vere god tilvekst frå aldersbestemt, og eit nært samarbeid med Loen, Vikane og Stryn, seier Sandbakk.

For nokre år sidan var det eit samarbeid mellom Loen, Vikane og Stryn (Stryn 3), men dette samarbeidet fungerte ikkje optimalt.

– Det fungerte vel ikkje heilt etter intensjonen, seier Sandbakk. Han meiner ei av utfordringane med samarbeidslag er at det er krevjande å halde stabiliteten gjennom ein heil sesong, og at ein dermed let vere å melde på lag om ein ikkje startar med eit solid grunnlag. På små plassar blir det også fort slik at få personar gjer veldig mykje.

– Å vere eldsjel og drive dugnad er kanskje blitt meir krevjande, og det kan vere utfordrande for småklubbane, trur Sandbakk.

Hornindal med damelag i toppen

På damesida er det berre Stryn som har damelag i dag. Men Oppstryn, Loen og Hornindal hadde alle lag som hevda seg godt berre for få år sidan. Hornindal sitt damelag spelte i 1. divisjon i 1996. Ola Roar Fannemel var i trenarapparatet.

styrk: Styrk I.L. frå Innvik hadde ambisjonane i orden før 1987-sesongen i 7. divisjon. faksimile, fjordingen

– Vi var flinke og dreiv nøkternt, men det er klart at det var travelt med dobbeltkampar på bortebane. Sesongen etter var det mange som reiste vekk på skule. I dei seinare åra har fleire reist til Stryn for å spele fotball der, og det er vel fort ein seks-sju sesongar sidan sist vi hadde damelag, seier Fannemel. Om Hornindal igjen skal få eit damelag trur han kjem an på om laget vil få eit godt nok apparat rundt seg.

– Ein kan fort bli gåande åleine med for mange oppgåver, seier Fannemel.

Vikane i 3. divisjon

– Vikane spelte så høgt oppe som i 3. divisjon for herrar og møtte lag som Førde, Florø, Sogndal og Stryn, seier Jan Terje Reme. Han fortel også om lokaloppgjer mot Loen og Oppstryn lenger nede i divisjonane som samla fleire hundre tilskodarar.