Kvart år blir det gjennomført over 2 millionar EU-kontroller her i landet. Omtrent ein tredel av desse er etterkontrollar. Kva månad køyretøyet må vere kontrollert og godkjent vert bestemt av siste sifferet i registreringsnummeret. Neste år blir det endringar.

– Frå februar vil kontrollfristen vere bestemt av dato for førstegongsregistrering og siste godkjente kontroll, uavhengig av tala i registreringsnummeret ditt. For dei fleste bileigarar betyr det at dei kan kontrollere bilen når dei vil så lenge den blir godkjent innan to år etter siste godkjente kontroll, forklarer avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen.

Den nye ordninga vil bli fasa inn etter kvart som køyretøya er til kontroll.

– Det er ikkje slik at alle bilar plutseleg får ny frist i februar. Den fristen du har gjeld til det vert gjennomført ein ny kontroll, forklarer Harsem.

Kontrollintervalla blir dei same som i dag, det vil seie at personbilar stort sett skal inn første gong etter fire år og deretter annakvart år, medan køyretøy over 7.500 kilo skal inn kvart år.

Det blir også nye krav om ei eigen opplæring for dei som utfører EU-kontrollen.

– I dag er det berre krav til verksemda som utfører kontrollen, men no blir det krav om opplæring og personleg godkjenning av nye kontrollørar og tekniske leiarar. Målet er betre, likare og meir trafikksikre kontrollar, seier Harsem.

For dei som allereie jobbar som kontrollørar og tekniske leiarar i dag vil det bli ei eiga overgangsordning.

Frå 2021 blir det også krav om kontroll av traktorar med hastigheit over 40 km/t.

(©NPK)