Oldedalen Blandakor markerte hundreårs- jubileum med song, gjester frå Stryn Blandakor og lyttande bygdefolk på Yrineset onsdag kveld.

– Oldedalen har vore ei songglad bygd, det viser soga om songlag, blandakor og musikklag i ein 100 års bolk tilbake i tid. Og det skal vi minnast i kveld. Slik opna Selma Kvame (93) koret si soge skriven som prolog, og framført av henne sjølv.

Det vart ein minnerik kveld. Når ein skal skrive om konsert leiter ein gjerne etter høgdepunktet for konserten, og på jubileumskvelden vart prologen eit høgdepunkt.

Vi var heim til Selma og Olav Kvame før festen byrja. Då sat ho ved datamaskina med siste korrektur før printeren. Ho var akkurat ferdig med å steikje to store brett med sveler til festen. Hadde halde på sidan titida.

– Sveler med pudding er bryllaupsmat, smilte Selma, og sveler blir det nok også til sommaren når ho og Olav kan feire kronjuvelbryllaup, 65 år. Men først skulle dei setje seg i bilen dagen etter jubileumsfesten for å reise til Halden og barnedåpen til oldebarn nr. 21.

Olav Kvame (88) var sjølve veteranen i jubileet. Han byrja i koret berre 13 år gammal, og har gått frå tenor til bass. Han fekk overrekt ein statuett som markering av 75 år som korsongar, og han fekk blomar saman med Alvhild Høgalmen, Svein Yri og Rasmus Yri. Dei fire har vore med sidan koret starta på nytt i 1974.

Blomar også til Erling Briksdal, som har vore dirigent sidan 1981.

– Vi har alltid hatt dirigent frå bygda, fortalde Olav Kvame som understreka det sosiale ved korøvingane. Han la til at det er imponerande å kunne samle 18–19 medlemer til korsong i ei bygd med knapt hundre fastbuande.

Rikt musikkliv

Starten var ungdom frå bygda som reiste ut for utdanning, og kom tilbake som lærarar og delte kunnskapane med bygdefolket.

Rasmus Rustøen og Anders M. Kvamme var dei to første.

Men det var ikkje berre song. Det har vore strykekvartett, mannsgruppe, barnekor og hornmusikk. Olav Kvame spelte også fele.

Oldedalen som fleire andre bygder, fekk eit lyft i korsongen under krigen då tyskarane jaga songlærar Petter Eiken frå Volda. Han opererte som dirigent og instruktør i bygdene i indre Nordfjord.

Om landet var i krig mangla det ikkje på gode tiltak. Hornmusikken gjekk gjennom Oldeskaret til Stardalen med tromme og horn, fortalde Selma i prologen, og la til at det var ekstra høgtid når hornmusikken gjekk først i 17. mai toget og når dei spela frå Øvsteberget 1. juledag.

Musikklivet har vore eit samlingspunkt for bygda i lange tider. I nyare tid er koret mest kjent for at dei stilte i nedbroten skog og song saman med resten av bygdefolket, etter at Dagmar hadde herja bygdene jula 2011. Det initiativet førde til at dei hamna på dei nynorske festspela året etter.

Fin fest

Det vart ein minnerik kveld på Yrineset med song, god mat og mykje song. Åresal gav pengar i lagskassa.

At Stryn Blandakor var spesielt bedne med hadde fleire årsaker. Dei syng godt, og det var dei som hadde gjort oldedølene merksame på at dei var i ferd med å runde hundre år.

At kvelden opna med «No livnar det i lundar» høvde godt på ein maikveld ved Oldevatnet, men det musikalske høgdepunktet for oss var likevel Nordfjordsongen då dei to kora stilte opp for fotografering ute på plenen. Vakrare ramme for den songen enn Oldevatnet og ei kveldssol som er i ferd med å sleppe siste taket i Melkevollsbreen kan ein vanskeleg finne.

Bryllaupsmat: Selma Kvame (93) steikte sveler og laga pudding hele dagen før jubileumsfesten. Ekte bryllaupskost seier Selma og Olav som har kronjuvelbryllaup 65) til sommaren. Foto: Inge Fænn