Mørelaft er nordvestlandets største produsent av lafta tømmerhytter, og har i lenger tid vore godt representert i nabofylket på populære skidestinasjonar som Stranda, Bjorli og Fjellsetra. No tek dei også steget ned i låglandet og rettar fokus mot Stryn og har kjøpt opp tomter av grunneigar Olav Tenden. Strynevatnet Hyttegrend er namnet på satsinga som blir nabo til Tenden hyttefelt.

– Tømmeret er henta frå nærområdet på Sunnmøre, det er lafta opp på Skodje og vindauga er frå Dalevindauge – så det er lagt stor vekt på lokale leverandørar og råvarer, seier Grethe Opsvik-Bøe i Mørelaft.

Det skal etter planen byggjast fleire slike firemannshytter på Tenden.

Saman med Olav Tenden møter ho oss øvst i det allereie etablerte hyttefeltet på Tenden. Like vest for dette skal fleirmannshyttene opp.

Eigarane av Mørelaft er Kenneth Brunstad og Joar Ekornes. Særleg sistnemnde har eit nært forhold til Stryn, og har mange timar med laksefiske bak seg her. Det var nok ein viktig grunn til at firmaet for første gong satsar på hytter i låglandet og har peika seg ut Stryn for vidare vekst.

– Eg såg i ein reportasje på nettet at dei ønska seg innover hit, og då var eg brennande snar å ta kontakt, smiler grunneigar Tenden. Han rår i dag over totalt 45 tomter, og på 11 av desse er det reist hytter.

– Mi oppgåve i dette prosjektet er å gjere dei byggjeklare.

– Smykke i naturen

Opsvik-Bøe fortel at dei tilbyr ulike hyttetypar, men dei lafta gir ei spesiell atmosfære.

– Vi legg vekt på kosen, med laften får ein den gode hyttekjensla med ein gong ein kjem inn. Sjølv tykkjer eg for mange leilegheitshytter ber preg av at ein kjem inn i ei byleilegheit. Vi legg også vekt på vindauga, for utsikta sin del, seier ho, og rettar blikket utover Strynevatnet og dei snødekte fjelltoppane.

– Her får ein litt av alt. Det er låglandet men kort veg til både vatn og fjell.

Grunneigar Olav Tenden har Tenden hyttefelt. Der er det 45 tomter og i dag elleve utbygde hytter. Åge Sætremyr frå Måløy trivst godt øvst i feltet og blir næraste nabo til Strynevatnet hyttegrend.

At dei satsar på høgstandard leilegheitshytter i Stryn, framfor einskildhytter, forklarar ho med at mange set pris på å kunne velje vekk snømåking og vedlikehald. Ho fortel at dei også samarbeider med eit utleigebyrå, sidan dei erfarer at ein del ønskjer å leige ut i periodar av året. For nokre kan det også vere måten å finansiere hyttedraumen på.

Opsvik-Bøe er sikker på at både utflytte nordfjordingar, møringar og andre vil trivst på Tenden. – Dette skal bli eit smykke i naturen, smiler ho.