I høve utarbeiding av kommunedelplanen for Hjelle forsøker ein no å planlegge korleis Hjelle skal utvikle seg om tettstad og løyse utfordringar knytt til areal.

– Vi er ein ras- og skredutsett kommune og har utfordringar knytt til areal for nye bustadar, også på Hjelle. Difor har vi engasjert eit arkitektfirma for å lansere nokre idear til korleis ein kan utvikle Hjelle og gje rom til nye bustadar, seier plan- og næringssjef i Stryn kommune, Geirmund Dvergsdal. Han var sjølv var til stades under eit ope folkemøte på Hjelle hotell med 25 frammøtte.

Meiningsutveksling

Det bergensbaserte arkitektfirmaet 3RW presenterte fleire idear på korleis Hjelle kan utviklast, men dei var og til stades for å ta med seg innspel frå lokalbefolkninga.

Folkemøte Møtet fann stad på Hjelle Hotel Foto: Geirmund Dvergsdal

Dei viste fleire døme på korleis ein tilsvarande stader har løyst både arealutfordringar, men og korleis ein kan skape meir aktivitet på ein plass som Hjelle.

– Eg tykkjer det var eit veldig interessant møte med mange spennande måtar å løyse ting på. Samstundes fekk dei som bur på Hjelle kome med inn-spel som var ein del av hensikta med møtet. Fleire var til dømes skeptiske til at husa skulle stå for tett. Mange er og opptekne av å bevare ein del av det miljøet som er der i dag, fortel Dvergsdal.

Bruke eksisterande bygningsmasse og driftsbygg

– Var det konkrete løysingar du kan seie noko om?

– Skissene dei førebels la fram vil gje rom til fem nye einebustadar, samstundes kan det vere aktuelt å utvikle eksisterande driftsbygg, eller delar av desse, til bustadar, eller på andre måtar gjere nytte av desse bygga, forklarar Dvergsdal og viser til lagerbygg ved hotellet etc. Han fortel at arkitetfirmaet har tatt med seg innspel frå lokalbefolkninga og vil kome tilbake til eit nytt folkemøte på Hjelle over sommaren.

Hjelle Hjelle skal utviklast og første folkemøte er arrangert. Til hausten kjem arkitektfirmaet 3RW tilbake til Hjelle med forslag til korleis Hjelle kan bli ein attraktiv tettstad med plass til nye bustadar. Stryn kommune har engasjert arkitektfirmaet i høve kommunedelplanen for Hjelle. Foto: Skisse: 3RW

– Då håpar vi at det kan kome konkrete løysingar på korleis vi kan utvikle Hjelle med ein god reguleringsplan. Den skal vere ferdig i løpet av året, seier Dvergsdal.