– Ei sterk lokal forankring er nødvendig for å skape ei god utvikling av tilbodet på Hoven, og for å vidareutvikle Loen som destinasjon, skriv adm.dir. ved Hotel Alexandra AS, Richard Grov, i ei pressemelding.

– Hotel Alexandra AS har saman med Garaventa AG stifta eit felles holdingselskap for å trygge ei solid utvikling på fjellet Hoven. Selskapet som har fått namnet FA-LS Holding AS er eigd av Hotel Alexandra med 61,5 %, og Garaventa AG med 38,5 %. Ved at Hotel Alexandra og Garaventa legg alle aksjane sine i Loen Skylift inn i dette felles holdingselskapet eig no FA-LS Holding As 65 % av alle aksjane i Loen Skylift AS. FA-LS Holding AS vil sikre lokal kontroll i Loen Skylift AS, og vil vidareutvikle dette unike anlegget i eit tett samarbeid mellom dei ulike aktørane i destinasjonen Loen. Det er viktig frå FA-LS Holding AS si side at alle aksjonærar er med vidare for å sikre breiast mogleg støtte rundt lokalt eigarskap og vidare utvikling av selskapet. Vi ser på aksjonærsamansetninga som ein stor styrke for Loen Skylift AS si vidare utvikling. Samarbeidet mellom Hotel Alexandra AS og Garaventa AG med stiftinga av FA-LS Holding AS er ei strategisk avgjerd som styrker både Loen Skylift AS og regionen på alle område, går det fram av pressemeldinga.