Stryn karra etter kvart til seg ein 3-1 siger mot gjestande Skavøypoll i Kretsligaen laurdag.

Oppsummeringa får vere at så lenge enden er god er allting godt. For det var ein første omgang som var meir prega av syting og ukvemsord enn målsjansar.

Utlikning

Stryn leia 1-0 til pause, etter mål av Vegard Hopland, men korkje dei eller gjestane baud opp til noko overskotsfotball av særleg grad. Det var eit labert tempo og mykje trilling av ball krydra med dommaravblåsingar og småkjekling.

Vegard Hopland sette inn 1-0 etter omlag 20 minutt.

Men ting tok seg noko opp utover i den andre omgangen. Skavøypoll var hakket meir synlege på Stryn sin banehalvdel første kvarteret, og fekk også krangla inn eit mål etter ein corner i det 52. minutt. 1-1 ved Tor Erik Kupen gav ein nerve i kampen.

Straffe

Men frå der og ut tok heimelaget meir og meir over og hadde fleire skot mot mål, som anten vart stoppa av keeper eller forsvarsspelarar. 2-1 målet til Stryn var ein retteleg lekkerbisken signert Matias Garlid. Flott samspel vart avslutta med ein markkryper frå Garlid ute ved 16-meteren, fint plassert i keeperen sitt lengste hjørne.

Omlag ti minutt før kampslutt kom to straffesituasjonar med berre eit minutts mellomrom. Den første, der Marius Rauset vart felt, valde dommaren å vifte vidare, men då Vegard Hopland låg langflat på omlag same stad like etter vart det blåst for straffe.

Den sette Rauset i hendene på keeper, men heldigvis hardt nok til at det kom ein retur som han fekk tåa på. 3-1 var eit greitt resultat ut frå styrkeforholdet mellom dei to laga.

Det vart lagt inn fleire drikkepausar i varmen.

Frustrasjon

- Vi må opp nokre hakk, seier trenar Geir Inge Rake, som berre tidvis er nøgd med det han ser i laurdagens kamp. Særleg første omgang er under pari.

- Vi dett ned på tempoet deira, og dei slår kun langt. Det blir litt frustrasjon og vi får det ikkje heilt til å gli, seier han.

- Vi ser også at dei merkar godt varmen i dag, legg Rake til.