Dei to unge innfjordingane Rasmus Haugen, Hornindal, og Emilie Flo Stavik, Stryn, imponerte i havgapet laurdag. Dei tok storeslem og vann herre- og dameklassen i terrengløpet Stadlandet rett vest.

Berre 15 år gamle Flo Stavik imponerte ekstra ved å setje ny løyperekord for damer i den 13,2 km lange løypa frå Dragseidet til Ervik.