Lødemel og Gausemel sankelag søkjer Hornindal kommune om redusert fartsgrense på den kommunale vegen frå Geilekrysset til Hornindal skisenter.

- Vegen ligg i område der småfe blir sendt på utmarksbeite. Mykje av dyra oppheld seg i dette området før beite blir betre høgare oppe i fjellet. Mange av bøndene opplevde i fjor at lam kom vekk frå mødrene i dette området rett etter beiteslepp. Vi registrerte og fleire påkøyrde lam der det ikkje blei varsla, skriv sankelagsleiar Nils-Paul Haugen i brev til kommunen.