Rammene for flotte vår-, eller skal vi kanskje seie sommarbilde, kan knapt bli betre enn akkurat no. Vi oppfordrar lesarane om å sende oss dykkar blinkskot frå fjellet, fjorden eller verandaen!

Lesarbilde frå Anne Margrete Tonning. - Skodde på Hornindalsvatnet på ein elles strålande klår og "unaturleg " varm torsdagsmorgon i Stryn og på Eid.

Mellom bidraga trekkjer vi som vanleg ut vinnarar av Flax-lodd, så kanskje kan eit blinkskot med kameraet føre til noko verkeleg stort...

Vi garanterer i alle fall at bileta kjem på nettsida og på trykk i papiravisa -ikkje dårleg det heller!

Send til vår tipstelefon: 40 40 21 40, alternativt til e-post: redaksjon@fjordingen.no