- Det var eit fascinerande fenomen som oppstod då sola gjekk ned laurdag kveld. Der sola var gått ned kom ei solsøyle, eller ein solpilar, og eit stykke til venstre kom ei bisol. Dette skuldest iskrystaller i atmosfæren i følgje Bergens Tidende, fortel Hege Heggheim Ulvedal til Fjordingen.

Ho fanga det heile med kameraet og bildet er tatt frå Ulvedal mot Bergsetnakken og Heida.