Livet smiler igjen for gjengen i Moods of Norway. Retail Drift AS, som eig Moods of Norway og Branstadkjeden, hadde eit resultat før skatt på 30,8 millionar kroner i 2017. Selskapet har spennande planar for framtida.

Selskapet, som vart stifta i fjor, kjøpte i oktober opp delar av selskapa Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS, inkludert varelager, varemerka rundt Moods of Norway og aksjane i Brandstad Drift AS for om lag 50 millionar kroner.

Driftsinntektene for 2017 ligg ifølgje årsberetninga på 98,6 millionar kroner.

Omstrukturering

– Resultatet på 30,8 millionar kroner kjem i hovudsak frå opphøyrssalet frå alle butikkane, seier ein godt nøgd Jan Egil Flo i Moods of Norway til Fjordingen.

Moods of Norway var gjennom ei omstrukturering i fjor etter konkursen, der mellom anna ti butikkar låste dørene, og ytterlegare sju butikkar vart stengde første kvartal i år. Jan Egil Flo, Simen Staalnacke, Kristian Hool Egge, Petter Hammer, Pål Holko og to personar frå Oslo kjøpte tilbake konkursbuet etter Moods of Norway 4. oktober i fjor, og opna opphøyrssalet få dagar seinare.

Tida etter oppkjøpet var hektisk for Moods-gjengen, då ein måtte bygge opp alt frå botnen igjen, frå tilsetjingar til å få IT opp å gå samt nye forhandlingar av kontraktar og sal.

Skal satse på nettbutikk

– Etter at avviklingsperioden er ferdig vil vi sitje att med tre eigne Moods-butikkar i dei største byane Oslo, Bergen og Trondheim, i tillegg til butikk og outlet i Stryn, opplyser Flo. Det vert også behalde to andre outletbutikkar, ein i Stavangerregionen og ein i Vestby.

Flo fortel at Moods kjem til å satse endå meir på nettbutikken sin i tida som kjem.

– Planen er å satse endå meir på nettbutikken vår. Om to år skal nettbutikken vere vår hovudkanal ut mot kundane, seier Flo til lokalavisa. Moods blir også ein rein herrebutikk frå 2019.

Når det gjeld driftsresultatet for Brandstad Drift AS så er også det positivt. Selskapet sitt driftsresultat enda med 700.000 kroner i pluss i 2017, mot minus 8,9 millionar kroner i 2016.

– Kjeda ser allereie ein god effekt av omorganiseringa som er gjennomført, og som framleis pågår. Butikkar som er ulønsame eller har kontraktar som går ut vil bli lagt ned i løpet av 2018, seier Flo.

Simen og Leif Rune designar

Simen Staalnacke og Leif Rune Loen er framleis hovuddesignerar i verksemda.

– Sommarkolleksjonen er allereie i butikkane, og Simen og Leif Rune er godt i gang med haustkolleksjonen som blir å finne i våre butikkar saman med Brandstadbutikkane i løpet av august, fortel Flo.

Årsbudsjett på 180 millionar

Med Brandstad har Moods of Norway eit årsbudsjett på 180 millionar kroner.

– Vi ligg om lag på budsjett så langt i år, noko vi er godt nøgde med sidan det har vore mange usikkerheitsmoment etter at vi starta opp att, seier Flo, optimist på kva resten av 2018 vil bringe. Moods of Norway har i dag om lag 15 tilsette, pluss butikkpersonale.

Hovudbasen blir som før, nemleg Stryn, for Jan Egil Flo og kompani. Foto: Thomas Thaule
Moods of Norway-gjengen har lagt bak seg ei hektisk tid. F.v.: Kristian Hool Egge, Jan Egil Flo, Pål Holko og Petter Hammer (bak). Foto: Thomas Thaule