Statens vegvesen samarbeidde med politiet motorfestivalhelga, og kontrollerte eit stort tal køyretøy. 27 bilar fekk bruksforbod, medan 54 var rapportert å ha skriftlege manglar.

Åtte køyretøy vart avskilta.

Dei køyretøya som fekk bruksforbod fekk dette m.a. for sotfilm på sideruter, gjenstandar i frontruter, ulovleg senking/kapping av fjører, feil på lys, store oljelekkasjar, feil felgar og utslitne dekk. Åtte hadde altså så store manglar at dei vart avregistrerte.

Det vart også skrive ut eitt piggdekkgebyr, fem gebyr for manglande bruk av bilbelte og seks gebyr for utslitne dekk. Eitt køyretøy vart også avskilta p.g.a. manglande periodisk kontroll.

I tillegg vart ein sjåfør anmeld for uforsvarleg køyring. Føraren av bilen frakta materiale og hadde lagt ned seteryggen og støtta seg mot borda, som i tillegg stakk ca 30 cm ut gjennom sideruta, opplyser Svein Arne Henjesand frå seksjon køyretøy hos Statens vegvesen.