Det var mange som møte opp for å få med seg autoslalåm og motorshow under årets Motorfestival.

Med vêret på si side, kunne arrangørane av auto-slalåmen og motorshowet seie seg fornøgde med eit vel gjennomført arrangement.

– Det var eit veldig godt oppmøte, både på konkurranse- sida, og på publikumssida. Det fantastiske vêret hjelpte oss til å gjere dette til eit godt arrangement, seier løpsleiar på motorshowet, Per Vidar Roset.

Han fortel vidare at autoslalåm-miljøet i Ålesund har vore til stor hjelp med å få gjennomført konkurransen.

Tett konkurranse

Det var ikkje mykje som skilde utøvarane i auto-slalåmkonkurransen. Deltakarane blei delte i tre grupper, basert på sitt nivå: debutant-, standard- og modifisert klasse.

I debutantklassen stilte sju personar til start, der Hans Auflem stakk av med sigeren, fem sekund føre nummer to. I denne klassen stilte også den einaste kvinnelege utøvaren til start, Therese Øen Leirvik. Ho var utøvaren som forbetra seg mest frå første til siste køyring, med 17 sekund.

Sveinung Bjørkavåg var einaste mann på start i standard klassen, og blei dermed vinnar i denne.

I klassen for modifiserte bilar stod det til slutt mellom Egil Lundanes og Kevin Synnes, ein duell Lundanes gjekk sigrande ut av.

Viste fram hestekreftene

Etter autoslalåmen blei motor-showet opna ved Madelen Sagmo (11) frå Svelgen. I sin dragracebil, som går frå 0–100 km/t på 2,5 sekund, suste ho forbi tilskodarane som stod bak gjerda.

Det var også knytt forventningar til Jon Egil Bustadmo sin dragracebil. Han reiste frå Harstad for å ta del i motorshowet, med ein bil med 1.000 hestekrefter. Dessverre for publikum var startmotoren gåen før ein fekk sjå køyretøyet i aksjon.

– Eg beklagar verkeleg. Eg veit at publikum hadde forventningar til dette, men eg kjem tilbake neste år, då med ein startmotor i reserve, fortalde ein tydeleg skuffa Jon Egil Bustadmo publikum over høgtalarane.

Jury-prisar

Juryen delte også ut fleire prisar etter motorshowet. Følgande prisar vert delt ut:

  • Emil Seten - Juryens favoritt

  • Tony Dybvik - Beste stil

  • Håvard Johan Nesje med sin Chevrolet Camaro - Amcar

  • Trond Sunde med sin Harley Davidson - MC

  • Rolf Martin Tunold med sin VW Boble - Veteran

  • Thomas Øen Solbakken med sin Datsun 240 Z - Gatebil

  • Helge Øen med sin Ford Roadster - Custom