På tysdag vert der arrangert eit skipingsmøte på Smia i Hornindal, der foreininga og styret som skal arbeide vidare  med prosjektet i og rundt Grobygget skal bli skipa.

Dei siste åra har diskusjonane rundt Grobygget sirkulert rundt i lokalsamfunnet, og dei seinare månadane har planleggingsarbeidet med å restaurere og pusse opp både bygget og Groparken like utanfor blitt sett i gang.

Ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2015 for å nå tilbake til den gongen det var snakk om å rive bygget. No har planane teke ei heilt anna retning.

– Eit løft for Hornindal

Bjørn Lødemel fortalde om store målsetjingar etter møtet med interimsstyret denne veka. Gjennom sommaren ønskjer dei å fikse taket på bygget og sørge for ein utstyrsbank inne, samt å lage til uteområdet i Groparken.

– Vi ser store moglegheiter for eit fantastisk uteområde, som vil vere eit løft for Hornindal, fortel Lødemel, som vidare seier at dei ønskjer å lage til ein park for ålmenta, der alle kan samle seg.

Planen er å få bygd ei ny og større scene i løpet av sommaren, og dei håpar den kan stå klar til sommarfesten i august.

Dei ønskjer å samarbeide tett med kommunen for å få utarbeida strandsona og få ei eiga strand nedanfor parken.

Stort arbeid føre seg

Når arbeidet med Grobygget- og parken etter kvart blir sett i gang er det mykje som skal gjerast. Taket skal tettast og på innsida må det rydding til for å få plass til utstyrsbanken.

– Det er 1.000 kvadratmeter med mykje forskjellige ting som er lagra innvendig no, så det må ryddast bort i sommar, seier Lødemel, som håpar så mange som mogleg ønskjer å hjelpe til med arbeidet.

På møtet som blir arrangert tysdag kveld skal dei skipe foreininga som skal ha ansvaret for arbeidet. Her skal dei få på plass eit styre, samt nokre undergrupper. Desse undergruppene skal få kvar sine hovudansvarsområde, som dei skal passe på. Møtet er ope for dei som måtte ønskje å kome.