Gløym Giro d'Italia og Tour de France. I dag er det klart for ein skikkeleg sykkelklassikar i Stryn, nemleg Tour of Norway for kids.

Stryn er stoppestad for den landsomfattande sykkelturneen som er på vegen for trettande sesong. Turneen starta på Sundvolden tidlegare denne månaden, og før den er ferdig 18. august er den innom 55 stader rundt om i landet. Måløy og Brekke er dei to andre stadane i fylket som får besøk av sykkelrittet.

337 i fjor

I fjor samla heile 337 ungar seg til sykkelrittet ved Stryn stadion. Også i år er stadion utgangspunktet.

«I fjor hadde vi heile 337 kids som la frå seg alle hemningar heime og gav maks gass gjennom den lange, flate løypa i naturskjønne Stryn. Vi satsar på minst like bra oppmøte i år, og skal gjere alt vi kan for å stelle i stand ein skikkeleg sykkelfest!» skriv Tour of Norway for kids på si Facebookside.

Lokal tilretteleggar er sykkelklubben i Stryn.

– Vi håpar på framleis godt ver, og kanskje kan vi få ny deltakarrekord og, seier Thorolf Aarøen i Stryn Sykkelklubb.