Gode tal for Hornindal

Årsrekneskapen for Hornindal kommune syner rett i overkant av 3,2 millionar i pluss for 2017.

Kjem godt med: Økonomisjef Brita Sollid (t.v.) og rådmann Ann-Kristin Langeland kan konstatere 3.209.587,92 kroner i netto driftsresultat i 2017. Pengar som kjem godt med til skule -utbygging og opprusting av omsorgssenteret.  Foto: (arkiv) Harald Vartdal

Nyhende

– Det er veldig positivt at vi fekk eit slikt resultat. Vi låg under både fylkes- og landssnittet i rammetilskot, og då er kjekt at vi kan hente det inn på andre måtar, seier økonomisjef i Hornindal kommune, Brita Sollid.