Legg aktivitet til Florø

Vest politidistrikt legg noko aktivitet tilbake til Florø.

Florø: Politimeister Kaare Songstad flyttar sju arbeidsplassar til politihuset i Florø.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Samanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt førte til massiv flytting av arbeidsplassar frå Florø til Bergen. Denne veka reiste politimeister Kaare Songstad til Florø for å markere opninga av Vest politidistrikt sin seksjon for dokumentforvaltning og arkiv på politihuset i Florø.