Framleis kritisk skadd

Ulukka ved Stavenestunnelen, då ein minibuss og ein turistbuss kolliderte, skjedde søndag ettermiddag.   Foto: Odd Sindre Tonning

Nyhende

Tre av dei skadde frå ulukka på Staveneset søndag vart sende med luftambulanse til Haukeland Universitetssykehus. Der vart det ved siste oppdatering opplyst at den eine av pasientane, ei kvinne på 70 år, framleis er kritisk skadd. Dei to andre pasientane frå ulukka som er innlagde på Haukeland, begge menn i 70-åra, er alvorleg skadde.

Totalt ni personar vart etter ulukka på Staveneset sende til Førde Sentralsjukehus. To vart då karakteriserte som kritisk skadde, medan sju med lettare skadar var til poliklinisk undersøking og behandling.

Helse Førde melder at ein person framleis er alvorleg skadd, men stabil. Ein person er moderat skadd, men stabil.