Ny storfjøs på høgt nivå i Erdalen:

Ny fjøs på høgt nivå i Erdalen

Alva Samdrift i Erdalen baud inn til open fjøs sist helg. Ein fjøs det er god grunn til å vere stolte av, både for bøndene sjølve og for dei som har bidratt.

Ros: Sigbjørn Kirkeeide (til høgre) frå Fjøssystemer gir ros og heider til dei driftige fjøsbyggjarane i Erdalen.  Foto: Jogeir Agjeld

Nyhende

Fjøsen, med mjølkerobot nummer 100 i Sogn og Fjordane, har vore i bruk sidan februar i år. På den tida er produksjonen komen opp på forventa produksjonsnivå.