Opna sykkelsti for både proffar og ordførarar

Stisykling er ein aktivitet som stadig fleire får augene opp for, og førre veke vart ei ny rute ned Napen i Oppstryn offisielt opna. Førstemann i løypa var Sven Flo.

Kjærkome pengedryss: Kjell Rune Flo (lengst t.v.) delte ut to sjekkar frå Gjensidigestiftelsen. Også Sparebankstiftinga og Fylkeskommunen har bidrege med midlar. Vidare f.v.: Hans Borolien, Sven Flo, Fred Syversen, Berit Wetlesen, Lars Guddal, Lovise Blakset Guddal, Sondre Nesje, Markus Blakset Guddal, Ann-Helen Blakset og Jørgen Skåre.  Foto: Roy Aron Myklebust

Ein blir jo litt biten av basillen når ein får sykle ein slik Rolls-Royce

Sven Flo, ordførar
Nyhende

– Eg har avgrensa kunnskap om dette, men merkar at sykkelen har mykje å bety, smiler ordføraren, der han gynger seg prøvande fram på ein skinande ny, fulldempa sykkel han har fått låne for høvet.