Då Garnes fekk bygd hytta på Rosetmarka i Stryn i 2005 utstyrte han den med eit Jets Vakuumtoalett som nyttar 0,5 liter vatn pr. skyljing i staden for eit vanleg vassklosett som brukar 6 liter vatn. I tillegg skaffa han seg ein romsleg og tett tank på 5.000 liter.

– Med vår bruk av hytta vil tanken bli full i løpet av tre til fire år. Eg forstår ikkje kvifor vi får tømme den etter fyllingsgrad, slik ein har fleire andre plassar, seier Atle Garnes frå Eiksund i Ulstein.

– Eit vakuumtoalett nyttar berre ein halv liter vatn pr. nedspyling.– Eit vanleg vassklosett brukar seks liter pr. nedspyling. Det har skjedd litt sidan 1990, poengterer Atle. Foto: Roger Oldeide

Vedtok årleg tømming i 1990 og innførte den i 2017

Det var i fjor at han fekk varsel frå Stryn kommune om innføring av tvungen årleg tømming. I brevet viser Stryn kommune til eit kommunestyrevedtak frå 1990, som altså vart sett ut i praksis i fjor, 27 år etter.

Atle Garnes og Astrid Elise Øvrelid har forsøkt å få til ei løysing med tømming annakvart år, men til ingen nytte. Foto: Roger Oldeide

Han fortel at han har kontroll på fyllingsgraden på hytta.

– Det er åtte månader sidan førre tømming og vi har no ein fyllingsgrad på knapt 900 liter. Det vil ta fleire år før tanken er full, seier Garnes.

Han har foreslått ei minneleg ordning med tømming annakvart år, utan at dette har ført fram.

Utfordrande å tømme etter fyllingsgrad, meiner kommunen

– Eg har mykje godt å seie om Stryn, men vi har klaga inn dette tre gonger og kommunen viser liten vilje til å setje seg inn i saka. I staden blir vi overkøyrd med lovar og paragrafar. At det ikkje skal vere mogleg å imøtekome dei som har investert i besparande anlegg som gir vesentleg mindre slam, forstår eg ikkje. Kva miljøomsyn er det i å tømme ein kvart full tank kvart år, spør Garnes.

Teknisk utval i Stryn kommune handsama to slike klager tysdag og begge vart avvist. Kommunen skriv i svaret til Garnes at det å få til ei tømmeordning tilpassa den einskilde vil vere utfordrande.

– Sektorutvalet har nyleg godkjent tømming anna kvart år for tett tank på 9 m³, skriv sakshandsamaren som meiner at tankar med volum frå 1–6 m³ skal tømmast kvart år.

- Forstår at dette kan slå uheldig ut for nokre

– Stryn kommune viser til eit vedtak frå 1990 om årleg tømming. Kvifor vart denne ordninga sett ut i praksis først 27 år seinare?

Teknisk sjef i Stryn kommune, Jan Flore forstår at regelen kan slå uheldig ut for nokre Foto: Roger Oldeide

Han peikar på utfordringar knytt til at det er fleire typar tette tankar.

– Både volumet på tette tankar og bruken av fritidsbustader varierer. Å få til ei tømmeordning som er tilpassa den einskilde etter bruk vil vere utfordrande. Ein kan samanlikne denne avgifta med andre typar avgifter der bruken varierer, men gebyret er det same. For mange vil denne føreskrifta vere riktig, men vi forstår at dette kan slå uheldig ut for nokre, seier Flore.

Han viser til at kommunen har gjort visse unntak og at føreskrifta kan bli endra.

– Dei med tankar på ni kubikk får tømming annakvart år. Om nokre år vil vi ha erfaringsgrunnlag på om denne føreskrifta må endrast, seier han.

Han legg til at det er sjølvkost for avløp.

– Dette gir ikkje inntekter til kommunekassa, seier Flore.