106 kommunar oppfyller ikkje bemanningsnorma i barnehagane

Nær kvar fjerde kommune oppfyller ikkje bemanningsnorma i barnehagane. Kunnskapsministeren forventar at desse kommunane har ein plan for å auke bemanninga.

Utdanningsminister Jan Tore Sanner (H).   Foto: Arkiv

Nyhende

Meir enn 134.000 barn går i barnehage i ein kommune som ikkje oppfyller bemanningsnorma. Det opplyser utdanningsminister Jan Tore Sanner (H) i eit brev til Stortinget.

– Eg forventar at kommunane dette gjeld, vil ha ein plan for korleis dei skal auke bemanninga når nytt regelverk trer i kraft per 1. august 2018, skriv Sanner.

Overgangsreglar

Då vil det i alle barnehagar i landet bli krav om maksimalt tre barn per vaksen i alderen 0–3 år og maksimalt seks barn per vaksen i alderen 3–5 år. Men ikkje alle kommunane og barnehagane vil klare å oppfylle bemanningsnorma allereie frå 1. august. For desse vil det komme overgangsreglar slik at barnehageeigarar får eitt år på seg til å oppfylle kravet om minimumsbemanning.

I budsjettsemja mellom regjeringspartia og KrF vart det øyremerkt 100 millionar kroner til ei overgangsordning for å betre finansieringa av bemanningsnorma i kommunar som til no ikkje oppfyller denne.

Fordelingsnøkkel

60 millionar kroner av desse pengane skal fordelast til private barnehagar, mens 40 millionar kroner blir sett av til kommunale barnehagar i dei 106 kommunane som ikkje oppfyller norma. I desse kommunane er det om lag 57.300 barn i kommunale barnehagar og rundt 76.900 barn i private barnehagar.

– Det øyremerkte tilskotet skal særleg brukast til å sikre ein berekraftig økonomi i små private barnehagar, skriv statsråden.

Ekstraløyvinga vil ikkje bidra til urimeleg høg lønsemd i enkelte barnehagar og barnehagekjeder, legg han til.

(©NPK)