Håvard fekk prøve seg i lokalavisa

Håvard Tonning (15) frå Olden har hatt praksisveke i Fjordingen.

– Kjekk veke: Håvard Tonning frå Olden har hatt praksisveke i Fjordingen og tykkjer det har vore innhaldsrike dagar.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Han gjekk til jobben utan spesielle forventningar, men tykkjer det har vore interessant på fleire måtar.

– Det har vore ei kjekk veke der eg har lært mykje nytt om korleis ting fungerer i avisa og arbeidslivet generelt, seier 15-åringen, som ikkje utelukkar journalistyrket som ein jobb i framtida.

Tonning har fått prøve seg på ei rekkje saker. Han har skrive om turistinformasjonen, Beste sommarminne til sommaravisa, sal av eingongsgrillar, Tour of Norway for kids, andre utplasseringselevar og musikaren Glenn Rand.

– Les du avis sjølv?

– Eg les ikkje aviser, men litt nyheiter på nett. Eg er ikkje spesielt interessert i sport, men elles det meste anna.