Maja frå Loen vart norgesmeister

Bislet Games: Maja Fuglestrand Baade frå Loen deltok i ein snøballkonkurranse for gutar og jenter i alder 11, 12 og 13 år i samband med Bislet Games i Oslo.   Foto: Privat

Nyhende

Maja Fuglestrand Baade (13) frå Loen kan kalle seg norgesmeister i snøballkasting, og det i juni månad!

13-åringen deltok i ein snøballkonkurranse for gutar og jenter i alder 11, 12 og 13 år i samband med Bislet Games i friidrett torsdag. Det var berre tre deltakarar i kvar årsklasse, så i det heile teke å få delta var ein stor prestasjon.

Norgesmeister

I konkurransen slo ho til med eit snøballkast på heile 53,91 meter, og vart med det beste jente og vinnar av 13-årsklassen. Ho kan no kalle seg «Norgesmeister i snøballkasting, jenter 13 år». Premien var eit splitter nytt spyd. Det skulle passe bra, for kasttalentet frå Loen driv også med det.

Krinsrekordar

For eit par veker sidan sette ho ny krinsrekord for 13-åringar både i kast med liten ball og spyd. I eit friidrettsstemne i Hornindal hadde ho mellom anna eit fantastisk kast med liten ball på 57,78 meter, noko som gav over tusen tyrvingpoeng.