Dagens leiarartikkel

No hastar det, herr statsråd

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen stod føre den offisielle opninga av Motorfestivalen i Stryn.  Foto: Bengt Flaten

Rv 15 Strynefjellsvegen må vere ein av vegane i landet som er best og mest utgreidd

Nyhende

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen kom til Stryn og kasta glans over starten på motorfestivalen førre fredag. Han la ikkje det minste skjul på begeistringa over det han fekk sjå, og sjølv brukte han fine ord i rosen både av arrangøren og arrangementet.