God deltaking i ny trasé

15-åring vann Postvegløpet

Ungguten Magnus Skeide Bakke sprang frå alle i det seks kilometer lange løpet.

Ung og lovande: Den 15 år gamle skiskyttaren Magnus Skeide Bakke frå Eid imponerte i Postvegløpet og sprang frå alle. 

Nyhende

Markane IL arrangerte onsdag eitt av dei åtte løpa som er med i Nordfjordkarusellen. I flott sommarvêr fekk deltakarane ein fin tur på seks kilometer som går langs deler av postvegen i Markane.