Fylket utfordrar vern av laksefjordar

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha landbasert oppdrett i dei verna laksefjordane.

  Foto: Thomas Thaule (Arkiv)

Nyhende

– Verneordninga fungerer urettvist, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til avisa Firda.

Følling har kontakta fiskeriminister Per Sandberg (Frp) to gonger for å endre [URL]forskrifta om særskilde krav til akvakulturrelatert verksemd i eller ved nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Fylkeskommunen vil gjere det mogleg å byggje oppdrettsanlegg på land også inne i dei nasjonale laksefjordane.

Delar av Nordfjorden, Førdefjorden, Dalsfjorden og Sognefjorden i Sogn og Fjordane har nasjonal vernestatus som laksefjordar. Her er det ikkje lov med oppdrettsanlegg verken i sjøen eller på land.

– Dette bandlegg store areal, og det blir eit dobbelt vern. Næringa er oppteken av å få endra dette, seier Følling til avisa.

Laksefiskar Anders Neteland skjønar ikkje iveren etter å byggje oppdrettsanlegg i området omkring dei verna fjordane.

– Eg ser ikkje nokon grunn til at ein absolutt skal legge landbaserte anlegg inne i nasjonale laksefjordar, når det finst så mykje anna tilgjengeleg areal, seier han.

Følling seier til Firda at ho førebels ikkje fått noko svar frå fiskeriministeren i saka.

(©NPK)