Nasjonal motordag

  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Søndag blir den nasjonale motordagen markert over heile landet, også i Stryn.

- Vi tek sikte på å køyre i lag opp til Hjelle for så å returnere til Stryn litt utpå dagen, seier Hans Auflem i den lokale amcar-klubben. Han fortel at motordagen er open for alle, og at ein ønskjer vi å samle alt frå mopedar til bil og veteranbussar med meir.

Nasjonal Motordag er ein landsomfattande markering der lokale klubbar, lag og foreiningar med motorinteresse set fokus på motorhobbyen.