Synnøve Vinsrygg skreiv bok og gjenskapte personar etter utgravingar:

«Glemselen er ei mektig trollkvinne»

Spennande historie: Synnøve Vinsrygg med boka som har utgangspunkt i historiske utgravingar i Nord Norge.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Dette er boka om ei nordnorsk kvinne og ætta hennar i merovingertida  550 – 750 e.Kr. (tida mellom folkevandringstida og vikingtid). Ein bit av soga vår som ikkje har vore særleg påakta, men som fekk nytt lys over seg etter utgravingane på  Kvarøy i Nordland tidleg på 1970-talet.