Veteranar med minne frå tida i Tysklandsbrigaden

- Det var mykje uvisse

8. mai var dagen for å heidre nordfjordingar som har delteke i internasjonale operasjoner etter siste verdskrig, men det minker på flokken som hadde tenestetid i Tysklandbrigaden.

Ser tilbake: Reidar Lungård til venstre og Halfdan Lødemel med minnealbum frå tida i Tysklandsbrigaden.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Eg ville aldri vore den tida forutan, seier Reidar Lungård (89) i Hornindal. Tre år eldre Halfdan Lødemel var litt meir skeptisk. Han kom til Tyskland alt i 1948 før alt byrja å kome i orden, og med stor internasjonal spenning som bakteppe.