Sterkt i Bergen Fjellmaraton

Imponerte stort: Rasmus (t.v.) og Kristoffer Haugen gjorde det skarpt i Bergen Fjellmaraton. I midten manager og far Haugen.  Foto: Privat

Nyhende

Brødrene Rasmus og Kristoffer Haugen frå Hornindal deltok saman med far Kåre R. Haugen i Bergen Fjellmaraton torsdag. 

656 løparar fullførde det 21 km lange løpet i konkurranseklassen, og brødrene imponerte med gode resultat. Kristoffer Haugen vart nummer 9 med tida 1 t 45 min, medan Rasmus Haugen kom like etter som nummer 11 med tida 1 t 47 min. Manager og far Kåre R. Haugen fullførde også løpet.