Uttekne til talentsamling i handball

Samling: Joanna Øvre-Flo er utteken til samling i Skien i august.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Joanna Øvre-Flo (Stryn handball) og Abdulbaset Aljajeh (Dale handball, men busett i Stryn) er uttekne til sentral talentsamling i handball 6.–8. august i Skien.

Det er utøvarar fødde i 2003 som skal i aksjon på talentsamlinga, melder Norges handballforbund, Region Vest, på si nettside. NHF Region Vest har i alt teke ut åtte jenter og åtte gutar som skal representere regionen på samlinga.

Øvre-Flo og Aljajeh er dei einaste frå Sogn og Fjordane.